Etter apokalypsen – foredrag med Anders Totland
Kva er det som gjer dei postapokalyptiske forteljingane så fascinerande?
I dette føredraget tek forfattar Anders Totland publikum med inn i dystopiane si verd, frå store internasjonale suksessar som «The Walking Dead» og «The Hunger Games» til norske bøker som fortener fleire lesarar.
Totland har lenge vore oppteken av denne sjangeren, både som lesar og forfattar. I føredraget deler han gleda over denne sjangeren med andre.
Anders Totland er forfattar og ein aktiv formidlar som reiser mykje rundt til skular, bibliotek og festivalar. Ein kan derfor vente seg eit underhaldande føredrag.
Anders Totland er ein allsidig og kritikarrost forfattar som har markert seg sterkt innanfor barne- og ungdomslitteratur, men har og skrevet romanar for vaksne. Han står bak vellikte barnebøker som «Gunnars rekordbok» og «Mamma på dass», og er i desse dagar aktuell med bokserien «Katastrofedagbøkene» for barn. I tillegg har han skrive ei rekkje kritikarroste sakprosabøker, blant anna «Den norske slavehandelen» og «Pest og plage».
For eit vaksent publikum har han oppnådd stor suksess med dei elleville, vestlandske kriminalkomediane «Til jord skal du bli» og «Til døden skil oss».Enten han skriv humor for dei yngste, historiske sakprosabøker eller svarte komediar for vaksne, er det den sterke forteljargleda og det varme blikket for menneska han skildrar som kjenneteiknar forfattarskapen hans. Velkommen til føredrag.
Knarvik bibliotek 11. november kl. 18
Gratis. Det er inga påmelding.
Biblioteket – ein gratis møteplass for barn, unge, vaksne og eldre i Alver.