Linda Røyseth Sandhåland
Kulturaktør - musikk
Linda Røyseth Sandhåland (f.1981) kjem frå Rossland i Alver kommune. Ho er utdanna folkesongar og song- og musikkpedagog, og logoped. Linda har fordjupa seg i den vokale folkemusikken frå kysten av Hordaland og har drive som utøvande folkesongar sidan 1995. Ho har lang erfaring som song- og musikkpedagog og kurshaldar for alle aldersgrupper. Linda har saman med Kjersti Møllerup Wiik laga "Barnesongboka"; ein gratis digital nettressurs med lokale barnesongar frå alle kommunar på Strilalandet. Dei var også prosjektleiarar for "Kystbarnesongen - lokal folkesong i skulen" som var eit 2-årig prosjekt der dei lærte opp instruktørar og besøkte alle 2.klassingar i 9 kommunar kring Bergen. Linda har motteke fleire stipend og prisar for sitt arbeid som formidlar av vokal folkemusikk, mellom anna Musikkprisen for Meland kommune i 1996, Hordaland fylke sitt utviklingsstipend i musikk i 1997, Statoilprisen for Nordhordland og Gulen i 1998, Ivar Medaas-prisen i 2001 og Kulturstipend 2020 frå Alver kommune.