Søndag 22 November
kl. 18:00
Vestnorsk utvandringssenter, Sletta
Arr: Alver kommune

Utekino: Julenissens verksted

Bli med på ei eventyrleg reise på jakt etter Julenissens verkstad - ein film for heile familien, fylt med humor, kjende songar, ekte julestemning og ein julebodskap som vil varma i vinterkulda.

Då ni år gamle Mari ei natt vaknar og oppdagar ein nisse på soverommet sitt, blir det starten på eit juleeventyr utanom det vanlege. Med ein attgløymd nissevott som einaste spor legg ho, farmor og ein svært skeptisk pappa ut på ei eventyrleg ferd for å finna julenissen, medan eigaren av votten, den vesle hjelparen til nissen Stompen, gjer alt han kan for å stoppa dei. For Julenissens verkstad kan nemleg ikkje bli oppdaga, det vil vera katastrofe!

Ferda går gjennom skog, hei og vakre vinterlandskap. Men utfordringane er også mange - dei må også forbi vaktaren til skogen, Kjerringa med staven, og kjempa seg gjennom ein frykteleg snøstorm.

Reisa er ikkje berre spennande - ho opnar også familiens auge for kvarandre, og dei innser til slutt kva den verkelege magien til jula er.

Gjer klar for årets julefilm for heile familien, spekka med julestemning og kjende Thorbjørn Egner-songar, som Kaptein Sorte Bill, Dyrene i Afrika og Det snør det snør – framført av nokre av dei fremste artistane i landet, blant dei Sissel Kyrkjebø.

NB: Filmen vert vist utandørs på Vestnorsk utvandringssenter på Sletta. Ta med noko å sitta på, varme klede, sitteunderlag og gjerne ein sovepose til å sitta i. Dersom veret vert dårleg, vert filmen flytta inn i kinosalen på Manger. 

Søn 22.11.2026
18:00
Kino
Film
Senior, Ungdom, Barn, Voksen, Alle
Vestnorsk utvandringssenter, Sletta
Alver
Alver kommune
Del på
2026 © Foreningsportal