Mandag 26 Oktober
kl. 12:00 - 13:30
Knarvik Misjonshus (bak Amfi Knarvik)
Arr: Senioruniversitetet i Nordhordland

NYNORSKDAGANE: Kva var det med Olav Duun?

Heming Helland Gujord, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, fortel om ein av Noregs viktigaste diktarar.

Ei helsing til Duun – det kan berre vere eit ønske om at «hans landsmenn vil begripe litt av hvad han er og hvad vi skylder ham», skreiv Sigrid Undset til Duun på sekstiårsdagen i 1936. 150 år etter at Olav Duun var fødd, kan vi stille det same spørsmålet: Kva var han, og kva skuldar vi han? Heming H. Gujord forsøker å gi svar om han som for Undset var «Norges største dikter». 

Heming Helland Gujord er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, Han har teke doktorgraden på Olav Duun og i tillegg gjeve ut bøker om Olav Duun og Kjartan Fløgstad. (Foto: UiB)

Denne førelesinga inngår i Nynorskdagane 2026 i samarbeid med Alver kommune. 

Alle er velkomne, ikkje berre seniorar.

Gratis inngang.

Man 26.10.2026
12:00 - 13:30
Foredrag / Kurs
Foredrag
Senior, Alle
Knarvik Misjonshus (bak Amfi Knarvik)
Knarvik
Senioruniversitetet i Nordhordland
Del på
2026 © Foreningsportal