Søndag 9 August
kl. 12:00 - 15:00
Bogatunet, Kvistevegen 124
Arr: Alver kommune

Sommarope og enkel servering på Bogatunet

Me ynskjer store og små velkomne til Bogatunet! Her får du omvisning på tunet. Denne søndagen markerer me siste opningsdag i sommar med å servera lappar, kaffi og saft.

På eit lite høgdedrag på Boga, ca fire kilometer søraust for Manger, ligg Bogatunet. Det idylliske gardstunet består av eit freda våningshus, der eldste delen er frå 1500-talet, ein driftsbygning med løe og flor, og ein jordkjellar. 

Kvar søndag i sommar kl. 12.00-15.00 er Bogatunet ope for besøkande med guidar som tar i mot deg og viser deg rundt. Det er ulike aktivitetar kvar opningsdag, og tillegg er det fleire historiske leikar som du kan prøva som stylter, ringkast, hoppetau, laftebygg og kattepinn. 

På tunet er det ei fotoutstilling som viser Bogatunet gjennom tidene, og i løa kan du sjå filmen om Bogatunet. Denne søndagen serverer me lappar, kaffi og saft til alle som kjem på besøk. 

Både inngang og aktivitetar er gratis.

Søn 09.08.2026
12:00 - 15:00
Bogatunet, Kvistevegen 124
Alver
Alver kommune
Del på

Kontakt

Postboks 4
5906 Frekhaug

Sosiale media

2026 © Foreningsportal