Mandag 16 Mars
kl. 18:00 - 20:00
Knarvik Barneskule Hjarterommet
Arr: Alver Frivilligsentralar

Frivilligbørs

Vi  introduserer Frivilligbørs i Alver! Frivilligbørs legg til rette for meir samarbeid på tvers av ulike sektorar i lokalsamfunnet. Her møtast lokalt næringsliv, frivilligheit og det offentlege ansikt til ansikt og utvekslar ønsker og idear til samarbeid - som ikkje kostar ei krone

Friviligbørs varer i to timar. Ein får informasjon i starten, deretter lagar alle til plakatar med kva dei kan tilby og kva dei kan trenge hjelp til. Deretter går børsen i gang og ein minglar i lokalet, snakkar med kvarandre og inngår avtaler om utveksling av ressursar og gjensidig hjelp. Pengar er ikkje involvert og ein kan ikkje inngå avtaler om økonomisk kompensasjon eller betalte tenester.  

Dette blir ei unik moglegheit til å knyte nye kontaktar og utforske kreative samarbeid på tvers i kommunen vår.

Inspirasjonsvideo frå Drammen Kommune: https://vimeo.com/724799310?fl=pl&fe=cm

Meld på di bedrift, di teneste eller din organisasjon i skjemaet. 
 
 

Påmelding

Send
Man 16.03.2026
18:00 - 20:00
Møteplass / Sosiale treff
Knarvik Barneskule Hjarterommet
Alver Frivilligsentralar
Del på

Kontakt

Postboks 4
5906 Frekhaug

Sosiale media

2026 © Foreningsportal