Torsdag
13
November
2025
kl. 18:00 - 20:00
Knarvik bibliotek - AMFI Knarvik, Kvernhusmyrane 29, 5914 Isdalstø
Arr: Alver Bibliotek
Foredrag og samtale: Korleis kan vi stansa og reversera naturtapet i Nordhordland?
Velkomen til foredrag og samtale om naturen vår. Naturvernforbundet i Nordhordland inviterer til ein kveld med fokus på arealplanlegging og naturtap i regionen. Korleis kan vi ta vare på naturen – og kva skal til for å rette opp skadane som alt er gjort? Program: - Innleiing ved Jan Nordø, leiar i Naturvernforbundet Nordhordland - Kva er viktig natur i Nordhordland? ved Stein Byrkjeland, fagdirektør hos Statsforvaltaren - Eikanger/Eidsnes og Øksnesmarka – to døme på forfeila arealplanlegging ved Jo-Harald Færø og Jan Nordø - Kva gjer kommunane i arealplanlegginga? Alver kommune: ordførar Nina Bognøy og rådgjevar Marte Hagen Eriksrud Austrheim kommune: ordførar Morten Sognnes og plansjef Asbjørn Toft Fedje kommune: ordførar Stian Herøy og kommunalsjef Rolf Raknes Etter programmet blir det innlegg og spørsmål frå publikum.Denne kvelden får du høyre innlegg frå både Naturvernforbundet, Statsforvaltaren og ordførarane i kommunane våre, før det vert open samtale med spørsmål og innspel frå publikum.