
NYNORSKDAGANE: Elias Mjåtveit-seminaret
Meland Mållag vil med Elias Mjåtveit-seminaret 2025 setja søkjelys på den norske salmen.I 2025 er det hundre år sidan Nynorsk salmebok første gong kom ut. Med Norsk salmebok i 1985 kom det éi felles salmebok for kyrkjelydar med bokmål og nynorsk som liturgispråk, og dermed forsvann Nynorsk salmebok ut or bruk.
Kva var det banebrytande medNynorsk salmebok, og kvifor fekk videnne boka? Korleis har biletspråket i salmane endra seg, og kva hender når ein salme vandrar frå ein kultur til ein annan?
Arrangementet er gratis.
Det vert ein lunsjpause i programmet. Der vert det høve å kjøpe seg noko å ete.
Program:
Ragnhild Jepsen, biskop i Bjørgvin: Tekst og tone til tru. Om salmesong og lovsong i eit mangfaldig fellesskap.
Per Halse, professor ved Høgskulen i Volda: Var det eit kupp? Om korleis Nynorsk salmebok kom til og vart godkjend.
Arve Brunvoll, professor emeritus og tidlegare rektor ved NLA Høgskulen: Med salmen over grenser.
Vigids Berland Øystese, førsteamanuensis NLA Høgskulen: Nynorsk salmespråk frå Blix til Hoem.
Arr.: Meland mållag. Støtta av Alver kommune.