
Føredrag om krigsseglarane med Ole Torp
Forfattar og journalist Ole Torp kjem for å halde føredrag om biografien han har skrive om sin far som var krigsseglar.«Dypet under ham – min far, krigsseileren» er eit portrett av opplevingane far hans fekk som krigsseglar i seks år. I tillegg handlar boka om etterkrigstida og korleis krigen påverka han sjølv, og forhaldet til sonen. Historia er rå, dramatisk og vakker.
Ole Torp er ein erfaren journalist med ein allsidig karriere, han er ein dyktig debattleiar og har leia debattprogram, vore utanriksreportar og korrespondent i både USA og Kina.
Kom på eit spennande føredrag. Arrangementet er gratis. Lett servering.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Galleri Gamleskulen, Norli og Alver bibliotek. Det er støtta av Fritt ord.