
Søndag
22
Juni
kl. 12:30 - 16:00
Vardebu
Arr: Alver Frivilligsentralar
Innviing av grillen på Vardebu Dagsturhytte
Tur på Kolåsfjellet med påfølgande grilling, eller berre kom til dagsturhytta for å grille.I år har Alver Frivilligsentralar i samarbeid med deltakarar i NAV sitt introduksjonsprogram for flyktningar og dei frivillige i Lindås Turlag bygd ein grill i tørrmur ved Dagsturhytta Vardebu. No vil vi invitere deg til å bli med å innvie den!
Du kan anten møte ved parkeingsplassen på Kolåsvegen klokka 12.30 og bli med oss på ein litt lengre tur over fjellet der frivilligkarane har bygd sti.
Eller du kan møte direkte på dagsturhytta klokka 14.00, som er omtrent då me fyrer opp grillen.
Ta med deg det du vil grille sjølv, vi stiller med litt søte smaksprøvar. Ope for alle, så ta med deg familien eller ein ven!