Søndag 11 Mai
kl. 14:00 - 20:00
Kinosalen Manger, Radøyvegen 1690
Arr: Alver kommune

Den store familiedagen på kino

Bygdekinoen og Alver kommune inviterer til Den store familiedagen på kino med halv pris på alle kinobillettar!

Det er tre kinoframsyningar denne dagen. Merk at det er andre klokkeslett enn vanleg.

14.00: Flow

Filmen Flow vann Oscar for beste animasjonsfilm og Golden Globe for beste animasjonsfilm. Den har også hausta strålande kritikkar i alle dei største avisene i landet. 

Filem handlar om ein katt ut på ei fantastisk reise gjennom ei overfløymd verd på leit etter tørt land.

Verda har komme til ein ende og spora etter menneskeslekta er borte. Her møter me ein katt som lever eit einsamt liv i ruinane. Då kattens heim éin dag blir øydelagd av ein stor flaum, må han søkja ly på ein båt der også fleire andre dyr har funne tilflukt. Sjølv om dei er ulike, må dei samarbeide for å tilpassa seg og navigera farane i det overfløymde landskapet. 

16.00: The Minecraft movie
 
Sist gong me viste denne filmen vart alle billettar utselde, og me set den difor opp på nytt. 

“A Minecraft Movie” er den første spelefilmen for det store lerretet basert på det bestselgande videospelet gjennom tidene – Minecraft. Velkommen til Minecraft-verda, der kreativitet ikkje berre hjelper deg å skapa, det er avgjerande for å overleva! 

18.00: The Legend of Ochi
 
Den sjenerte jenta Yuri  veks opp i ein avsidesliggjande landsby der det er strengt forbode å bevega seg ute etter mørkets frambrot. Heile livet har ho lært å frykta dei farlege og mystiske skogsdyra, kjent som ochiar. Men når ein liten baby-ochi blir forlaten av flokken sin, legg Yuri ut på sitt livs eventyr for å hjelpa han heim. Faren og adoptivbroren hennar prøver å stoppa henne, men kanskje er ikkje dei mystiske ochiene så farleg som alle trur?


For billettar og meir informasjon, sjå Bygdekinoen sine nettsider

Søn 11.05.2025
14:00 - 20:00
Kino
Film
Alle
Kinosalen Manger, Radøyvegen 1690
Alver kommune
Del på

Kontakt

Postboks 4
5906 Frekhaug

Sosiale media

2025 © Foreningsportal