
Kino: Stoltenberg - Facing war
Eit unikt innblikk i Jens Stoltenberg sin siste periode som NATOs generalsekretær.Med unik tilgang til NATOs «war room», vert me tatt med inn i maktspelet mellom verdsleiarar som Biden, Zelenskyj, Erdoğan og Orbán. Me får eit sjeldan innblikk i diplomatiet og politikken i ei tid der tryggleik og framtid står på spel, og me kjem tett på Jens Stoltenberg både privat og som NATO-leiar. Medan krigen i Ukraina rasar, overtaler USAs president Joe Biden Jens Stoltenberg til å ta eitt år til som NATOs generalsekretær. Under eit besøk i Kyiv, lovar Stoltenberg president Zelenskyj at alliansen skal stå ved Ukraina så lenge det er behov. Men støtta frå dei allierte sviktar og dei politiske spenningane stig. Løftet heng i ein tynn tråd. Stoltenberg må navigera i dei politiske konfliktane og samla alle statsleiarane bak seg – alle NATOs avgjerder må vera einstemmige.