
Eigenberedskap i krisetider
Styresmaktene ber oss om å vere førebudde på små og store kriser. Dei forventar at vi skal vere i stand til å greie oss sjølv i ein kortare periode, ikkje minst for å avlaste dei som skal organisere ressursane i samfunnet i ein krevjande krisesituasjonLitt ekstra mat og vatn i huset er bra, men like viktig er gode rutinar og haldningar.
Eigenberedskap handlar også om forholdet til våre næraste – og til naboar og lokalsamfunnet. Om noko alvorleg skjer der vi bur, må vi kanskje vere førebudde på å flytte på oss. Eigenberedskap angår oss alle, og det er noko vi er nøydde til å tenke over og snakke om.
Trygve Skanding har arbeidd i fleire år som redaktør og journalist. Han var informasjonssjef og pressetalsmann i Statoil i 16 år og har undervist i kommunikasjon år ved Høgskulen i Bergen og ved BI. Han er forfattar av boka KRISEKLAR, en håndbok i hverdagsberedskap og prepping, (2020), svensk utgåve "Överlev krisen" (2021). (Foto: privat)