Interesse og formidling
LOV FOR ALVER IDRETTSRÅD
Vedtatt 20.01.2020
I. INNLEIANDE REGLAR
§ 1 Formål
(1) Idrettsrådet skal arbeide for best moglege forhold for idretten innanfor grensene til idrettsrådet. Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og dei kommunale styresmaktene og mellom laga og idrettskrinsen.
(2) Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.
§ 2 Organisasjon
(1) Idrettsrådet er eit felles organ for idrettslaga tilslutta idrettsrådet, som er organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) gjennom idrettskrinsen.
(2) Idrettsråd blir oppretta, slegne saman og oppløyste av idrettskrinsen, som også fastset grensene for idrettsrådet.
(3) Alle idrettslag skal vere tilslutta eit idrettsråd.
(4) Idrettsrådet skal rette seg etter regelverket og vedtaka til NIF og idrettskrinsen. Regelverket til NIF gjeld for idrettsrådet uavhengig av kva som måtte stå i idrettsrådet si eiga lov.