Trim / mosjon
Dans-deg-glad
Hæla i taket - danseglede for alle
Flotte rytmar ved Odd Idar og resten av gjengen I G-DUR (1 x Rydland, 2 x Kvamme, 1x Bjørsvik) som syter for full fart på dansegolvet heile tida - og dei kjem stadig med nye låtar!
Du angrar ikkje på at du har dansa, men at du dansa for lite
Ta med godt humør og danseglede !
Billett 150kr - inkl. kaffi med litt attåt
Hei alle dansevener og gode hjelparar!
Me er i gang med ny sesong med Hela i taket i ærverdige Haugatun på Lindås. Første dansen var 20. september, neste 18. oktober og siste før jul vert 22. november. Så nytt sjansen!
Takk alle som hjelper til for at denne gode møteplassen kan halda fram - uråd å nemna alle: musikarar, kjøkenhjelper, dei som bakar, dei som set opp stolar og bord, legg ut plakaten vår på ymse nettsider, dei som snakkar pent om oss og får fleire med seg - og så ikkje minst:alle som møter trufast opp og sørgjer for den gode stemninga!
Helsing oss i Dans-deg-glad
( Dette namnet gav me oss sjølve heilt frå starten, synest det har stått seg bra - og i november har me halde på i 39 år!)
Kalender(viser inntil 20 oppføringer
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| 22.11.2026 | 18:00 | Hela i taket i Haugatun, Lindås | Haugatun, Lindås (Fjellangersvingane 314) |