
Stiftinga Lyngheisenteret
Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er eit nasjonalt og internasjonalt kunnskapssenter som vernar lyngheilandskapet gjennom aktiv gardsdrift, formidlar tradisjonar og gjev deg gode opplevingar. Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk landskap, slik det har vore på kysten i 5000 år.Stiftinga inngjekk ein avtale med Museumssenteret i Hordaland i 2007 og overførte ansvar for drifta til MUHO.
Lyngheisenteret er i dag den einaste staden i Europa med autentiske lyngheier drivne av lokale bønder, som òg er tilrettelagde for publikum. Opplev lyngheiene og kulturlandskapet på Lygra, med det rike fuglelivet, floraen og faunaen på øya. Her er det berre deg og naturen.
Lær om ressursbruken på ein lyngheigard i gamle dagar, som står i sterk kontrast til dagens bruk-og-kast-samfunn. Kva kan du gjere for å leve meir miljøvennleg? Her kan du lære gjennom praktiske erfaringar. Lær meir om lyngheiene og biologisk mangfald gjennom våre filmar og utstillingar.
Lyngheisenteret fekk i 2001 UNESCO sin globale kulturlandskapspris, og i 2005 vart senteret tildelt Europarådet – Europa Nostra sin kulturlandskapspris for «si banebrytande rolle i vernet av autentiske lyngheier, og vedlikehald av biologisk mangfald og tradisjonskunnskap knytt til landskapet».
I Infobygget er det gode lokaler for møter, konferanser og selskap.
- Matstove ( 70 - 80 pers)
- Møterom ( 30 pers)
- Auditorium ( 70 pers)
I Matstova serverer vi i stor grad lokalmat frå Lygra og Nordhordland.
Opningstder : frå påske og ut september : onsdag- torsdag- fredag kl 11 - 15.30,
søndagar 12 - 17.
Vi tek i mot skuleklassar, grupper, selskap, møter og kurs mm. heile året også utanom faste opningstider.