Kor
Hjelmåskarane
Hjelmåskarane er ein glad gjeng songarar som har halde det gåande sidan 2003.
Hjelmåskarane har 25 medlemmer og ønskjer fleire med på laget. Alle øvingane til koret er opne for nye som kan tenkja seg å koma innom for å sjå, og prøva. Og vi øver på Leiknes skule tysdagar kl 1900-2130. Koret har og ein avtale med UL Heimhug om å låne ungdomshuset på Hjelmås.
Koret er eit trivselskor og eit publikumsvenleg kor. Koret har mellom anna fått publikumsprisen tre gonger i den litt uhøgtidlege konkurransen Koriaden.
Nokre av prosjekta hittil:
- «Lysmannen» med Geirr Lystrup i samarbeid med Radøy damekor mars 2009
- Korutveksling i Nederland mai 2013
- Grunnlovens 200-års jubileumskonsert juni 2014
- «Berre ein mann», eit eigenutvikla prosjekt i mars 2016
- Julekonsert i Knarvik kyrkje med Hanne Krogh des 2016
- «Frå Broadway til Folk ved fjorden» i lag med koret Albatross april 2017
- Jubileumsframsyninga «Kast Loss», eit skråblikk på livet til sjøs frå april 2019
- Opning av Torgdagen på utescene midt i Bergen by juni 2019
- Solidaritetskonsertar for Ukraina saman med Korinor i 2022
- og mykje, mykje meir.......
Våren 2026 er vi godt igang med - mellom anna konsertsamarbeid med Olav Stedje.
Dirigent: Helge Riise tok over som dirigent i 2018 etter Åse Hagesæter, som då hadde dirigert karane i heile 15 år.
Koret er medlem i Norges Korforbund
Kalender
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| 11.04.2026 | 18:00 | Konsert Olav Stedje og Hjelmåskarane | Storstova, Leiknes skule |
