Skriving
Bygdeboknemda for Lindås Sokn
Ta vare på og formidla stoff som er samla inn under arbeidet med bygdebøkene. Arbeida for å auka kunnskap om og interessa for lokalhistorie. Samla og publisera bilete frå vårt område. Få lagt stadnamn inn på kart. Hjelp til slektsgransking m.m. Intervju av eldre, publisering av utdrag frå slike. Sal av Bygdebok for Lindås sokn og Myking sokn. Siste: Er i gang med oppgradering av Bygdebok for Myking Sokn. Meir om dette og resten av arbeidet vårt finn du på heimesida www.lindaasbygdebok.no.Er du interessert i å vera med å ta vare på minne frå fortida og formidla det, har me god bruk for deg!
Me har ulike arbeidsgrupper, desse finn du meir om på heimesida vår. Stadnamninnsamling har me gjort ein del av, og det vert det truleg meir av no framover.
Elles hjelper me med spørsmål om slekt så godt me greier.
Har du gamle bilde, ta gjerne kontakt!
Bygdeboknemda for Lindås sokn samarbeider med Lindås Sogelag og Knarvik Frivilligsentral kring temaet slektshistorie. Vi har i den samanheng fast samling ein gong i månaden kor alle kan kome å få hjelp til å kome seg vidare. Det blir satt opp turar til ymse arkiv og arenaer kor relevante saker kan lærast meir om, og kor vi kan få enda meir hjelp til eigne saker.
