FORENINGSPORTAL Foreninger i Alver

Teieplikt

Teieplikt er ein plikt til å halde visse opplysningar man har fått hemmelege.

Teieplikt

Frivillig arbeid inneheld stor grad av kontakt og informasjonsutveksling mellom menneske. Difor bør personar som tar oppdrag innan frivillig sektor skrive under på  erklæring om teieplikt. Det kan vere noko slikt:

Som frivillig er eg forplikta til ikkje å bruke, åpenbare, utlevere eller på annan måte gjere tilgjengeleg for uvedkommande informasjon om alle personlege opplysningar som eg er blitt kjent med i mitt arbeid i samband med frivilligsentralen.

Eg vil vise aktsomhet i omtale av andre forhold som eg blir kjent med eller erfarer under mitt engasjement.

Personlege opplysningar som er gitt av ein bruker i samband med sakshandsaming og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke fra brukeren nyttast internt. 

Eg har lest dei lovbestemmelsar som er anført i denne erklæringa. Eg er dermed klar over straffeloven sitt kapittel 21 samt marknadsføringslovens § 28 og § 29. Eg er kjent med at brudd på desse bestemmelsane kan medføre straffeansvar.

Eg er klar over at teieplikta gjeld både i den tida eg er knytt til frivilligsentralen og etter at mitt engasjement er avslutta. 

Som frivillig forplikter eg meg til å: 

  • sei frå når eg er syk, eller av anna grunn er forhindra fra å komme. 
  • sei frå når noko ikkje fungerer 
  • sei frå når eg ikkje kan fortsette mitt engasjement, og når det gjeld ferie/ opphold 
  • sei frå når eg vil slutte

Eg er kjent med og godtar at kontaktperson (dagleg leiar) har eit oppfølgingsansvar og derved har krav på å høyre korleis kontakten med brukeren går. 

Relevante lovstader

Teieplikta sitt omfang

Teieplikta omfatter helse- og sykdomsforhold, følelsesliv, livssyn, religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomisk situasjon, fødestad, personnummer, statsborgarskap, yrke, bustad og arbeidstad, - når brukeren gir opplysningar til dagleg leiar, frivillig hjelper, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling kan medføre skadeverknad for den det gjeld.

Bruk på nett

Erklæring om teieplikt gjeld og om den frivillige har bekrefta at den er akseptert på ei nettside.

Dette er kva Store Norske Leksikon skriv om teieplikt

Nyttige lenker

Kontakt

Juvikstølen 25
5914 Isdalstø

Sosiale media

2024 © Foreningsportal