FORENINGSPORTAL Foreninger i Alver

Personvernerklæring

Dette dokumentet handler om korleis Knarvik Frivilligsentral samler inn, lagrar og nytter informasjon om personar. Ta kontakt med oss om du er usikker på kva dette betyr for deg.

Innleiing

Ved Knarvik Frivilligsentral er vi opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis vi handsamar dine personopplysningar. I denne personvernerklæringa informerer vi om korleis vi innhenter, oppbevarar og bruker personopplysningar. Vårt mål er å være heilt opne om dei data vi samlar inn og gi deg forståing for korleis desse dataene brukast og evt. delast.

Kva for opplysningar vi samlar inn og handsamar

Informasjon om våre frivillige

Frivilligsentralen held kontakt med dei frivillige og formidler frivillig innsats. Difor har vi somme tider eit register over dei frivillige, der dei frivillige gir sitt samtykke til lagring av følgjande opplysningar:

  • Namn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilete
  • Kva for aktivitetar den frivillige er med i
  • Kva for oppdrag den frivillige deltar på

Frivillige som ønskjer det, får tilgang til å sjå kontaktopplysningar om seg sjølv.

Vi sørger for at alle våre frivillige skriv under på teieplikt og at dei viser politiattest der vi etter avtale finn dette naudsynt. I vårt register kan vi lagre informasjon om teieplikt og politiattest.

Informasjon om våre brukarar/tenestemottakarar

Når vi formidler frivillig arbeid til einskildpersonar, treng vi å ha kontaktinformasjon om dei som mottar tenestane. Dette gjerast for å forenkle kommunikasjon mellom dei som er involvert og for å levere ei god teneste.

Informasjon om våre deltakarar

Når sentralen gjennomfører arrangement, treng vi av og til å vite kva for personar som deltar. Her lagrar vi for det meste kontaktinformasjon.

Informasjon om dei som kjøper billettar, deltek på turar eller er med på arrangement

Frivilligsentralen kan somme tider ha ansvar for listeføring. For dei dette gjeld blir følgjande lagra:

  • Namn, e-post
  • Adresse om det er naudsynt
  • Ein kan lagre kortinformasjon om brukeren tillet det
  • Kva for aktivitet det er meldt på, eventuelt betalt tilgang til

Informasjon om dei som besøker nettsidane våre

For dei som besøker våre nettsider, samler vi inn bruksdata for å kunne tilpasse sidene best mogleg. Vi nytter Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressen anonymiserast ved at vi sletter den siste siffergruppa. All kommunikasjon går over sikker forbindelse med https.

Informasjon om dei vi er i kontakt med

Vi lagrar ofte telefonnummer og e-post på dei vi er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tar vi vare på inn- og utgåande e-poster for arkivbehov. Vi har   sentralbord gjennom Alver kommune, og bruker mobiltelefon og kontortelefon som kontaktnummer.

Kven deler vi personopplysningar med?

Vi deler informasjon om brukar/tenestemottakar til frivillige der vi meiner det er naudsynt. Ellers deler vi ikkje personopplysningar med nokon utanfor Frivilligsentralen.

Dine rettar

Personar som har personopplysningar hos Knarvik Frivilligsentral kan be om følgjande:

  • Få tilgang til personopplysningar vi har om vedkomande
  • Slette opplysningar som vi ikkje lenger har grunnlag til å ha
  • Begrense eller stoppe behandling av dine opplysningar

Ta gjerne kontakt med oss om du vil ha meir informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nederst i dokumentet.

Om du meiner at vi handsamar personopplysningar i strid med personopplysningsloven, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer det, er det fint om du kontaktar oss slik at vi kan svare på dine spørsmål eller oppklare eventuelle misforståingar.

Kontaktinformasjon

  • Knarvik Frivilligsentral
  • Org.nr: Alver kommune 935084733
  • Kontaktperson
    • Per Ole Ekker, dagleg leiar
  • Telefon: 56 37 51 54 - 995 54 540
  • E-post: per-ole.ekker@alver.kommune.no
  • Postadresse: Postboks 4 - 5906 Frekhaug
  • Besøksadresse: Nordhordlandshallen i Knarvik

Sjå her kva som står om personvern på Alver kommune sine heimesider

Flere dokumenter

Tilskuddsportalen

Alver kommune abonnerer på Tilskuddsportalen slik at laget ditt kan få tilgang til meir enn 1500 ulike tilskot- og støtteordningar.

Frivilligregisteret

Frivillighetsregisteret er eit offentlig register over frivillige organisasjonar, som skal betre og forenkle samhandling mellom frivillige organisasjonar og offentlege myndigheiter. Registeret er også ei kjelde til informasjon om frivillig sektor.

Økonomi og frivillighet

Det blir i løpet av eit år samla inn og flytta enorme mengder med penger og utstyr innan frivillig sektor. Dette skal gå til aktivitet og tilrettelegging. Innsamling, utdeling, prisar, utmerkingar - alt dette dreier seg ofte om pengar og verdiar.

Frivillighet

Frivilligheten sin største verdi kan ikkje målast i penger. Den ligg i den meining frivillige organisasjonar har for dei mange som deltar, og dei som blir berørt av innsatsen.

Lokalar og eigedom for frivillighet

Vi har ei stor mengde brukshus, lagshus, grendahus i Alver kommune. I tillegg brukast skulane.

Lag og organisasjonar

Frivilligheten sin største verdi kan ikkje målast i penger. Den ligg i den meining frivillige organisasjonar har for dei mange som deltar, og dei som blir berørt av innsatsen.

Aktiv kommune

Som eit ledd i Alver kommune si satsning på å få auka aktivitet og synleggjere klubbar og deira bruk av kommunale anlegg er det lansert eit bookingsystem son heiter Aktiv kommune. I dette systemet kan lag og foreningar i Alver bestille leige av kommunen sine anlegg.

Ny foreningsportal

Knarvik frivilligsentral har i flere år hatt ein god oversikt over lag og organisasjonar i kommunen og i regionen. Denne oversikten finn du no i ein eigen portal.

Pandemi og frivillig aktivitet

Pandemien har store konsekvensar for oss alle. Her finn du informasjon som kan vere nyttig for laget ditt

Bli frivillig

Ønskjer du å engasjere deg som frivillig så er det mange stader du kan melde din interesse.

Kulturadministrasjonen

Eige bygg i Knarvik

Teieplikt

Personer som tar oppdrag for frivilligsentralen må ha akseptert erklæring om teieplikt

Nyttige lenker

Kontakt

Juvikstølen 25
5914 Isdalstø

Sosiale media

2021 © Foreningsportal