FORENINGSPORTAL Foreninger i Alver

Frivillighet - Lag og organisasjonar

Frivilligheten sin største verdi kan ikkje målast i penger. Den ligg i den meining frivillige organisasjonar har for dei mange som deltar, og dei som blir berørt av innsatsen.

Organisasjonar mister medlemmar, få vil sitje i styre og stell. Ungdomen har generelt sett kanskje ikkje same kjensle til organisasjonsarbeid som før, samfunnet blir meir kommersialisert og noko av det frivillige arbeidet som organisasjonar historisk har stått for, er tatt over av andre. Eit kjent bilete men heldigvis ikkje berre eit negativt bilete.

Nøkkelfakta om frivillighet | Frivillighet Norge 

Den norske befolkninga utfører ulønna arbeid tilsvarande 142.000 årsverk og verdiskapinga i frivillig sektor (inkludert verdien av det frivillige arbeidet) var på 125,5 milliardar kroner. Det frivillige liv står for meir enn 4 % av brutto nasjonal produkt (BNP). 23 % av inntektene kjem frå det offentlege, 15 % er gåver og 63 % er eigengenererte inntekter (sal, lotteri, medlemskontingent, osv.).

  • 67 % deltaking i frivillig arbeid (2 av 3 nordmenn)
  • 58 % av befolkninga er ikke spurt om deltaking det siste året
  • 38 % oppgir at dei kan tenkje seg styreverv

Det er generelt mindre tillit til at penger blir brukt til formålet. Les meir om frivillighet og økonomi.

Frivilligregisteret har mange lag registrert i Alver kommune,  og i Enhetsregisteret kan du leite opp enda fleire organisasjonar. Merk at det er fleire lag og aktivitetar som ikkje er registrert i nokre av registra. Desse aktivitetane er ein viktig del av lokalsamfunna våre. 

Foreningsportalen for Alver kommune har ein god oversikt over lag og organisasjonar.




Nyttige lenker

Kontakt

Juvikstølen 25
5914 Isdalstø

Sosiale media

2024 © Foreningsportal