FORENINGSPORTAL Foreninger i Alver

Frivillighet

Frivilligheten sin største verdi kan ikkje målast i penger. Den ligg i den meining frivillige organisasjonar har for dei mange som deltar, og dei som blir berørt av innsatsen.
Frivilligheten bidrar til gode oppvekstmiljø, betre folkehelse, kulturopplevingar, læring, sosiale nettverk, og demokratioppbygging. Dei er sentrale som kanaler for påverknad og dei speler ei viktig rolle i det nasjonale beredskapsarbeidet, det internasjonale bistandsarbeidet og arbeidet for fred og forsoning.

Bli frivillig - På frivillig.no kan du "surfe" frivillig engasjement som det passer deg. Du kan og ta kontakt med ein Frivilligsentral.

Godt styrearbeid - Her kan du lese kva eit advokatfirma seier om styreansvar og personlig ansvar i foreninger og ideelle organisasjonar I årsmøtetida (oftast på våren) kjem nye styrer på plass. Oppdater dei ymse registra og anna informasjon så snart som råd.

Frivillige lag og organisasjonar Eit samfunn i endring treng omforente løysingar og frivillig sektor har opp gjennom tidene vore leverandør for mange av løysingane som idag er ein del av det faste samfunns-systemet vi har. Men frivillighet treng hjelp og støtte frå det offentlege. Når det gjeld oversikt over lag og organisasjonar i Alver kommune så ber vi om at informasjonen vi har blir sjekka

Aktivitet og arrangement - På fritida skjer det noko heile tida. Det arrangerast turar, løp, stemner, cupar, konsertar osv. Kulturkalenderen til kommunen kan vere greit å følgje med på og leggje inn eigne arrangement i. På den måten unngår du å leggje arrangementet ditt på ein dag det allereie skjer mykje.

Anlegg og eiendom - Det er ei stor mengde lagshus, grendahus og brukshus i kommunen. Desse bygga er uvurderlige i eit lokalsamfunnsperspektiv. Du finn mange av desse lokala knytt til eit frivillig lag eller organisasjon. Sjå meir om lagshusa i Foreningsportalen

Nokre lenkjer som kan vere interessante

Nyttige lenker

Kontakt

Juvikstølen 25
5914 Isdalstø

Sosiale media

2024 © Foreningsportal