Meld inn arrangement til Nynorskdagane

Nynorskdagane 2026 går av stabelen 28. oktober – 1. november 2026. Vil de bidra med eit arrangement, eit prosjekt eller ein aktivitet? Meld inn via skjemaet under! Meld også inn arrangement mellom 24. og 27. oktober, så utvidar me festivalen om naudsynt.

Kvifor vera med? 
Nynorskdagane er ein festival som feirar språk, kultur og identitet – og som løftar fram kulturlivet i Alver; kor, korps, band, ungdoms- og bygdelag, sogelag, mållag, skular, kunstnarar, friluftsorganisasjonar, kunstlag, næringsliv, og alle andre som har lyst å bidra!

Send

Døme på arrangement som passar inn: 

  • Konsertar, med for eksempel tonesett lyrikk på nynorsk, eller artist som syng på dialekt 

  • Revy eller stand-up på nynorsk eller lokal dialekt 

  • Samarbeid mellom musikarar og forfattarar 

  • Nynorsk pub med kviss, allsong eller open mikrofon 

  • Litteraturkafé 

  • Kunstutstillingar og verkstadar 

  • Språkleikar, konkurransar eller rebusløp for heile familien 

  • Verkstadar for ungdom (songskriving, forteljing, rap, improvisasjon) 

Lista er ikkje uttømmande, berre til hjelp for å setja fantasien i sving! 

 
Dette tilbyr me  

  • Plass i det offisielle festivalprogrammet 

  • Felles marknadsføring  

  • Hjelp til å finne samarbeidspartnarar og utvikle arrangement 

  • Støtte til søknadsskriving, viss de vil søkja eksterne midlar 

  • Gratis bruk av kulturlokale til framføringar (Meieriet Frekhaug og kultursalen på Manger), så langt kapasiteten rekk.  

  • Moglegheit for underskotsgaranti, etter vurdering  

  • Små støttesummar til heilt konkrete kostnader, etter vurdering 

Biletet er frå førestillinga «Me reise te Junaiten,» som Alverrevyen framførte på Samfunnshuset Skogen Sletta under Nynorskdagane 2025. Arrangementet var eit samarbeid mellom Utvandringssenterets venner, Alverrevyen og lokale revygrupper. Kommunen stilte underskotsgaranti (etter søknad), men førestillingane var godt besøkte, og prosjektet fekk overskot. Foto: Eileen Feste


Kontakt

Postboks 4
5906 Frekhaug

Sosiale media

2026 © Foreningsportal