Alver Kommune skal utvikle ein frivilligstrategi, og dette arbeidet ligg hjå kulturtenesta og Alver frivilligsentralar.  Frivilligstrategien skal vere retningsgjevande for korleis kommunen og lokal frivilligheit kan samhandle og utvikle seg saman i tida framover. Korleis kan vi stimulere, legge til rette for og vidareutvikle frivilligheita til å nytte potensialet sitt til det beste for dei som bur i kommunen vår?  

Vi inviterer til innspelsmøte for alle lag, organisasjonar, frivillige og engasjerte innbyggjarar. Her kan du melde deg på innspelsmøtet: Kva skjer i Alver? - Innspelsmøte til Frivilligstrategi. Du kan og nytte QR-koden i plakaten under. 

Påmeldingsfrist: 31.oktober.  



Kontakt

Postboks 4
5906 Frekhaug

Sosiale media

2025 © Foreningsportal