-
Alver Kommune skal utvikle ein frivilligstrategi, og dette arbeidet ligg hjå kulturtenesta og Alver frivilligsentralar. Frivilligstrategien skal vere retningsgjevande for korleis kommunen og lokal frivilligheit kan samhandle og utvikle seg saman i tida framover. Korleis kan vi stimulere, legge til rette for og vidareutvikle frivilligheita til å nytte potensialet sitt til det beste for dei som bur i kommunen vår?
Organisasjonslivet - gratis kurs
Er du med i eit styre for ein frivillig organisasjon? Bli med på gratis kurs med Alver FrivilligsentralarSøknadsskriving
Korleis skriv ein gode søknadar? Kvar kan ein søke tilskot?
- Knarvik: ons 24 sept kl 18 i Knarvik Frivilligsentral
- Ostereidet: tirs 30 sept kl 18 på Ostereidet ungdomsskule
- Manger: tors 2 okt kl 18 på kommunehuset
Drift
Kva inneber det å vere i eit styre for eit lag? Lagsdrift kan vere både moro, lererikt og til tider strevsomt. Men ein gjer så godt ein kan for å gjennomføre mandatet frå årsmøtet. Og om ikkje så lenge er det årsmøte igjen.....
Knarvik: ons 12 nov kl 18 i Knarvik Frivilligsentral
Del på:
Annen informasjon