-
Alver Kommune skal utvikle ein frivilligstrategi, og dette arbeidet ligg hjå kulturtenesta og Alver frivilligsentralar. Frivilligstrategien skal vere retningsgjevande for korleis kommunen og lokal frivilligheit kan samhandle og utvikle seg saman i tida framover. Korleis kan vi stimulere, legge til rette for og vidareutvikle frivilligheita til å nytte potensialet sitt til det beste for dei som bur i kommunen vår?
Nynorskdagane i Alver – kulturfestival 18. til 28. oktober
Sjå kva du kan oppleva under årets Nynorskdagar!Ta ein kikk på det mangfaldige kulturprogrammet for Nynorskdagane i Alver.
I programmet finn du digitale lenker til billettar for kvart enkelt arrangement. Det er også mange gratisarrangement du kan ta del i.
Nokre utvalde høgdepunkt
- Opningskonsert med popartisten Gunn Kvaale frå Sogndal og Post Office frå Alver og Øygarden. Kjøp billettar her.
- Konsertar med Adrian Sellevoll frå Alver. Kjøp billett til ungdomskonserten eller familiekonserten.
- Familiekonsert med songar og forteljingar frå Nordhordland. Med lokale utøvarar, barnekor og kafé. Kjøp billettar her.
- Syngespel med Alverrevyen om dei som reiste til Amerika. Kjøp billettar her.
Mykje meir finn du i programmet: Program for Nynorsdagane i Alver (.pdf)
Sjå også vår digitale arrangementskalender "Kva skjer i Alver"
Me ynsker deg hjarteleg velkommen på Nynorskdagane 2025!
Årets samarbeidspartar
Alverkoret, Alverrevyen, Alversund mållag, Bygdelaget 5915, De lystige seniorer, Hjelmåskarane, Korinor, Meland mållag, Osterfjorden mållag, Radøy mållag, Utvandringssenteres venner og Vardegard.
Frå Alver kommune bidreg kulturtenesta ved biblioteka, kulturskulen, Ung Alver, Frivilligsentralane og fagstab kultur. Grunnskulen markerer Nynorskdagane med eigne prosjekt og arrangement.
Lenke til kommunen si heimeside: Nynorskdagane i Alver – kulturfestival 18. til 28. oktober - Alver kommune