-
Meld inn arrangement
Vår ambisjon er at alt som skjer i Alver skal stå her. Lag og organisasjonar kan leggje inn sjølve.
Meld inn arrangement
Vår ambisjon er at alt som skjer i Alver skal stå her. Lag og organisasjonar kan leggje inn sjølve.Offisiell kalender for Alver
'Kva skjer i Alver' samlar alle arrangement i Alver kommune i ein kalender. Her kan dei ulike arrangørane, lag og bedriftar, leggje inn sine arrangement. Dersom du skal legge inn for ein organisasjon du sjølv er involvert i, ber vi om at organisasjonen legg dette inn sjølv. Alle organisasjonar skal ha fått tilsendt link og kode for pålogging. Dersom de manglar denne, ta kontakt med frivilligsentralane.
Målet med kalenderen er at det skal bli lettare å orientere seg om alt det flotte som skjer i Alver. Vi håper og at arrangørar vil bruke kalenderen i planlegginga, slik at vi unngår kollisjonar av liknande arrangement på same dato.
Veit du om noko som manglar?
Om du veit kven som er arrangør, kan du be dei om å leggje det inn sjølv. Om du ikkje kan det, kan du fylle ut skjemaet nedanfor, så sørgjer vi for å få det inn.
Du kan også sende e-post til frivilligsentral@alver.kommune.no. Her kan du og leggje ved bilete til arrangementet.