-
Meld inn arrangement
Vår ambisjon er at alt som skjer i Alver skal stå her. Lag og organisasjonar kan leggje inn sjølve.
Veiledning for organisasjonar
Foreningar kan sjølv oppdatere sine eigne opplysningar og bilde/logo. Foreningar kan og leggje inn oppføringar direkte i kalenderen. Bli med slik at alle har oppdatert informasjon.Video
Her ser du det viktigaste på 3 minutt. Videoen er laga for iheim.no, men er generell for alle portalar.
Organisasjonar kan oppdatere sjølv
- Det fine med foreningsportalen er at foreningar sjølv kan enkelt oppdatere sine eigne data
- Kvar organisasjon er tildelt ein kode som åpner for redigering
- Dette er som ein nøkkel og koden kan gjevast til alle som skal redigere
- Vi sender ut lenke på e-post/sms med den koden, som gjer at ein kjem direkte til redigering
- Lurt å ta vare på lenka - f.eks. med bokmerke. Då er det enkelt å kome tilbake for å oppdatere.
- Husk å klikke "Lagre/Bekreft" - sjølv om det ikkje er gjort endringar. Da veit alle at data er oppdatert.
Foreningar
Foreningar kan oppdatere:
- Eigne opplysningar
- Bilete og logo
- Kalenderoppføringar
Bilete
Vi bruker to bildeformat:
- Liggjande bilete 2:1 (illustrasjon på organisasjon og kalenderoppføring)
Anbefaler minimum pixelstørrelse 800 x 400 - Kvadratiske bilete (logo)
Anbefaler minimum pixelstørrelse 100 x 100
Bilete kan beskjærast etter opplasting.
Det kan ikkje leggjast bilete i tekstdelen (sjølv om det kan sjå slik ut).
Om di forening ikkje ligg i Kva skjer i Alver
Send ein e-post til frivilligsentral@alver.kommune.no med litt info om din forening, så legg vi det inn og sender deg ei lenke der du sjølv kan redigere opplysningane om foreninga samt administrere eigne kalenderoppføringar.
Korleis publisere eit arrangement i kalenderen:
For å publisere eit arrangement klikk på lenka du har fått tilsendt for di forening.
Klikk på «kalender» som står nesten heilt øverst på sida:
Klikk på på OPPRETT HENDELSE
Så kjem du hit kor du fyller inn tittel, dato, klokkeslett, stad osv.
Det er lurt å leggje inn eige bilete elles kjem bilete til foreninga din opp som standard bilete. Om du ønskjer kan du velgje kva type aktivitet det er og kva for ei målgruppe. Då vil dei som søkjer på desse filtra få treff på di oppføring. Du bør leggje inn ein kort beskrivelse, og du kan leggje inn meir informasjon. Hugs å klikke på Opprett heilt nedst så det blir lagra.
For å sjå korleis resultatet har blitt kan du gå hit: Kva skjer i Alver? og finne arrangementet ditt.