-
Frivillighet
Frivilligheten sin største verdi kan ikkje målast i penger. Den ligg i den meining frivillige organisasjonar har for dei mange som deltar, og dei som blir berørt av innsatsen.
Personvern
Dette dokumentet handler om korleis Alver kommune samler inn, lagrar og nytter informasjon om lag og organisasjonar. Ta kontakt med oss om du er usikker på kva dette betyr for deg og ditt lag/organisasjon.Innleiing
I Alver kommune er vi opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis vi handsamar dine personopplysningar. I denne personvernerklæringa informerer vi om korleis vi innhenter, oppbevarar og bruker personopplysningar. Vårt mål er å være heilt opne om dei data vi samlar inn og gi deg forståing for korleis desse dataene brukast og evt. delast.
Kvar kjem opplysningane frå?
Informasjon om lag og organisasjonar
Alver kommune held kontakt med lag og organisasjonar. Difor har vi eit register kor lag og organisasjonar har lagring av følgjande opplysningar:
- Namn på kontaktperson, adresse, telefon, e-post, bilete, organisasjonsnummer (for dei som har det), VIPPS-nr (for dei som har det) og andre relevante opplysningar
- Kva for aktivitetar laget/organisasjonen driv med
Lag/organisasjonar har med eigen innlogging full tilgang til å sjå kontaktopplysningar om laget/organisasjonen. Informasjonen om kvart lag/organisasjon i Foreningsportalen er det laga/organisasjonane sjølv som legg inn. Ved førstegongs-registrering kan kulturadministrasjonen vere med å hente inn opplysningar frå til dømes Brønnøysundregistra.
Informasjon om dei som besøker nettsidane våre
For dei som besøker våre nettsider, samler vi inn bruksdata for å kunne tilpasse sidene best mogleg. Vi nytter Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressen anonymiserast ved at vi sletter den siste siffergruppa. All kommunikasjon går over sikker forbindelse med https.
Informasjon om dei vi er i kontakt med
Kulturadministrasjonen nytter telefonnummer og e-post på lag og organisasjonar vi er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tar vi vare på inn- og utgåande e-poster for arkivbehov. Vi har sentralbord gjennom Alver kommune, og bruker mobiltelefon/epostadresse som kontakt ved utsending av informasjon.
Kven deler vi opplysningar med?
Vi deler informasjon om lag og organisasjonar der vi meiner det er til nytte for laget/organisasjonen eller til nytte for frivillig verksemd. Vi ber om at laga/organisasjonane tar kontakt om dykk meiner vi handsamar dette feil.
Lag og organisasjonar sine rettar
Dei lag og organisasjonar som ikkje ønskjer å vere registrert i Alver Foreningsportal bes ta kontakt med kulturadministrasjonen i Alver kommune.
Om du meiner at vi handsamar personopplysningar i strid med personopplysningsloven, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer det, er det fint om du kontaktar oss slik at vi kan svare på dine spørsmål eller oppklare eventuelle misforståingar.
Kontaktinformasjon
- Kulturavdlinga i Alver kommune
- Org.nr: Alver kommune 935084733
- Kontaktperson
- Telefon
- E-post
- Postadresse: Postboks 4 - 5906 Frekhaug
- Besøksadresse: Kvernhusmyrane 20 - 5914 Isdalstø
Sjå her kva som står om personvern på Alver kommune sine heimesider