-
Frivillighet
Frivilligheten sin største verdi kan ikkje målast i penger. Den ligg i den meining frivillige organisasjonar har for dei mange som deltar, og dei som blir berørt av innsatsen.
Frivillighet
Frivilligheten sin største verdi kan ikkje målast i penger. Den ligg i den meining frivillige organisasjonar har for dei mange som deltar, og dei som blir berørt av innsatsen.Bli frivillig - På frivillig.no kan du "surfe" frivillig engasjement som det passer deg. Du kan og ta kontakt med ein Frivilligsentral.
Godt styrearbeid - Her kan du lese kva eit advokatfirma seier om styreansvar og personlig ansvar i foreninger og ideelle organisasjonar. I årsmøtetida (oftast på våren) kjem nye styrer på plass. Oppdater dei ymse registra og anna informasjon så snart som råd.
Frivillige lag og organisasjonar - Eit samfunn i endring treng omforente løysingar og frivillig sektor har opp gjennom tidene vore leverandør for mange av løysingane som idag er ein del av det faste samfunns-systemet vi har. Men frivillighet treng hjelp og støtte frå det offentlege. Når det gjeld oversikt over lag og organisasjonar i Alver kommune så ber vi om at informasjonen vi har blir sjekka.
Aktivitet og arrangement - På fritida skjer det noko heile tida. Det arrangerast turar, løp, stemner, cupar, konsertar osv. Kulturkalenderen til kommunen kan vere greit å følgje med på og leggje inn eigne arrangement i. På den måten unngår du å leggje arrangementet ditt på ein dag det allereie skjer mykje.
Anlegg og eiendom - Det er ei stor mengde lagshus, grendahus og brukshus i kommunen. Desse bygga er uvurderlige i eit lokalsamfunnsperspektiv. Du finn mange av desse lokala knytt til eit frivillig lag eller organisasjon. Sjå meir om lagshusa i Foreningsportalen
Nokre lenkjer som kan vere interessante
- Økonomi, lotteri og innsamling
- Brønnøysundregistra og Frivilligregisteret
- Frivillighet Norge
- Kommunenes Sentralforbund (KS) - har eiga side om frivillighet.
Frivillighet og nøkkelfakta
Organisasjonar mister medlemmar, få vil sitje i styre og stell. Ungdomen har generelt sett kanskje ikkje same kjensle til organisasjonsarbeid som før, samfunnet blir meir kommersialisert og noko av det frivillige arbeidet som organisasjonar historisk har stått for, er tatt over av andre. Eit kjent bilete men heldigvis ikkje berre eit negativt bilete.
Nøkkelfakta om frivillighet | Frivillighet Norge
Den norske befolkninga utfører ulønna arbeid tilsvarande 142.000 årsverk og verdiskapinga i frivillig sektor (inkludert verdien av det frivillige arbeidet) var på 125,5 milliardar kroner. Det frivillige liv står for meir enn 4 % av brutto nasjonal produkt (BNP). 23 % av inntektene kjem frå det offentlege, 15 % er gåver og 63 % er eigengenererte inntekter (sal, lotteri, medlemskontingent, osv.).
- 67 % deltaking i frivillig arbeid (2 av 3 nordmenn)
- 58 % av befolkninga er ikke spurt om deltaking det siste året
- 38 % oppgir at dei kan tenkje seg styreverv
Det er generelt mindre tillit til at penger blir brukt til formålet. Les meir om frivillighet og økonomi.
Frivilligregisteret har mange lag registrert i Alver kommune, og i Enhetsregisteret kan du leite opp enda fleire organisasjonar. Merk at det er fleire lag og aktivitetar som ikkje er registrert i nokre av registra. Desse aktivitetane er ein viktig del av lokalsamfunna våre.
Foreningsportalen for Alver kommune har ein god oversikt over lag og organisasjonar.