Økonomi og frivillighet
Det blir i løpet av eit år samla inn og flytta enorme mengder med penger og utstyr innan frivillig sektor. Dette skal gå til aktivitet og tilrettelegging. Innsamling, utdeling, prisar, utmerkingar - alt dette dreier seg ofte om pengar og verdiar.Penger
Penger skal gå til aktivitet og tilrettelegging. Nokre basarar, lotteri og loddsal er av liten skala medan andre er av nasjonal karakter. Norge har ein særskilt tradisjon for dugnad, loddsalg og andre formar for innsamling til gode formål. Idag er mykje av dugnaden flytta over på digitale plattformar og sosial media. Folkefinansiering (crowdfunding) blir meir og meir utbredt.
Prisar og utmerkingar
Nokre prisar er årlege utdelingar som verdset eldsjeler innanfor eit spesifikt tema som til dømes musikk, idrett, likestilling med meir. Andre utdelingar er retta mot generelt frivillig arbeid og kultur. Prisane kan gå til ein person, fleire personar, grupper og lag innan ein kommune eller eit geografisk område.
Prisutdelingar og prisvinnarar
Innsamlingar
Norge har ein særskild tradisjon for dugnad, vi stiller opp og stør opp om fellesskap, anten i idrettsklubb, nabolaget eller ein forening vi er med i. Det er mange innsamlinger gjennom året, nokre går til same tid kvart år, medan nokre er aksjonsinnsamlingar som oppstår når noko skjer omkring i verda.
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Rekneskap for frivilligheten pr 15 nov 2019
Den norske befolkning utfører ulønna arbeid tilsvarande 142.000 årsverk, mens lønna arbeid i same sektor utgjer 91.600 årsverk. Det frivillige liv står for meir enn 4 % av brutto nasjonal produkt (BNP).
SSB - Satelittrekneskap for ideelle og frivillige organisasjonar
Nøkkelfakta om frivillighet (Frivillighet Norge)
Tilskuddsportalen er eit nyttig verkty. Laget ditt kan hente mykje midlar, det gjeld å setje seg litt inn i korleis verktyet kan nyttas.
Alle lag og organisasjonar leiter etter midlar for å drive laget sitt. Vi tilbyr lag og organisasjonar ei teneste som heiter "Tilskuddsportalen". Dette er ein portal, der du kan få oversikt over ulike ordningar for tilskot til laget ditt. På Heimesida til Alver kommune kan du lese meir om Tilskuddsportalen.
Del på:
-
Tilskuddsportalen
Alver kommune abonnerer på Tilskuddsportalen slik at laget ditt kan få tilgang til meir enn 1500 ulike tilskot- og støtteordningar.
-
Frivilligregisteret
Frivillighetsregisteret er eit offentlig register over frivillige organisasjonar, som skal betre og forenkle samhandling mellom frivillige organisasjonar og offentlege myndigheiter. Registeret er også ei kjelde til informasjon om frivillig sektor.
-
Lokalar og eigedom for frivillighet
Vi har ei stor mengde brukshus, lagshus, grendahus i Alver kommune. I tillegg brukast skulane.
-
Kulturadministrasjonen
Eige bygg i Knarvik