Nynorskdagane i Alver
Frå 18. til 30. oktober feirar me det vakre nynorske språketAlver kommune er stolte over det nynorske språket, og denne feiringa er ein hyllest til alt som gjer nynorsken heilt spesiell.
I år byr me på ei rekkje fantastiske opplevingar. Det blir mellom anna musikk, teater, litteratur, samtalar og vandringar – for både store og små.
Me opnar festivalen med Endre Olsen & Hestehandlarane, som hyllar vår eigen Ivar Medaas på Samfunnshuset på Sletta. Same dag blir det open scene for ungdom med Ung Alver på Meieriet på Frekhaug.
Det blir debatt- og panelsamtale, der me set «Nynorsken i mitt liv» i fokus. Her kjem kulturredaktør i Bergens Tidende og forfattar Jens Kihl, med både innlegg og som leiar for samtalen.
Me djupdykker ned i nynorsklitteraturen på biblioteket i Knarvik, og me får foredrag og forfattarsamtalar med Marit Eikemo og Anders Totland.
Det blir garantert god stemning når Naboen min spelar barnekonsert på Manger og Frekhaug.
I løpet av festivalen blir det familiedag både inne på Frekhaug og ute på dagsturhytta på Byngja, og for ungdom vert det teikneserieverkstad med Ida Neverdahl.
Sandra Kolstad & Ingrid Olava framfører musikk tonesett til eit utdrag av Jon Fosse sine verk på Frekhaug, og det vert konsert med forfattar og musikar Stein Torleif Bjella på Haugatun på Lindås.
Kompani Aasen tek med seg nynorsk improteater til Frekhaug, og det vert som alltid populære og lærerike stadnamnvandringar.
På biblioteket finn du utstillingar med fokus på nynorsk litteratur, så ta turen innom og oppdag nye litterære talent.
Feir nynorsken saman med oss! Me ønskjer deg gode Nynorskdagar i 2024.
Nynorskdagane er eit samarbeid mellom Alver kommune, Radøy mållag, Alversund mållag og Meland mållag. Nynorskdagane er støtta av Fritt Ord.
Her kan du lese programmet nynorsk-program--2.0--liten - 2024