FORENINGSPORTAL Foreninger i Alver
Fredag 14 April 2023
kl.
Seniorsenteret - Knarvik sjukeheim
Arr: Senioruniversitetet i Nordhordland

Senioruniversitetet - Varsling – tryggingsmekanisme for rettsstat og demokrati.

Som samfunn er vi avhengige av at den einskilde tilsette vågar å få fram kritisk informasjon når dei ordinære systema for leiing og kontroll sviktar.

Dette var også en av konklusjonene i Gjørv-kommisjonens rapport etter 22. juli-tragedien. Varslingsutvalet etter Monika-saka hadde som mandat å sikra at arbeidstakarar som varsla, skulle få rettsvernet sitt styrkt. Likevel ser vi at media er fylt med dekning av konfliktfylte saker som får utvikla seg i kjølvatnet av at tilsette har varsla. Kvifor er det så vanskeleg å handtera kritiske ytringar frå tilsette? Kva slags organisasjonspsykologiske prosessar vert sette i sving når nokon med makt vert utsett for kritikk? Kvifor er det så lett å halda fokus på mannen framfor å ta ballen?

Birthe Eriksen er advokat i ADI Advokater AS og har juridisk doktorgrad frå UiB om varsling. Ho har representert varslarar i fleire kjende rettssaker. Ho var medlem av varslingsutvalet etter Monika-saka (2016–2018).

Fre 14.04.2023
Seniorsenteret - Knarvik sjukeheim
Senioruniversitetet i Nordhordland
Del på

Nyttige lenker

Kontakt

Juvikstølen 25
5914 Isdalstø

Sosiale media

2024 © Foreningsportal