Torsdag
7
Mai
kl. 17:30
Oppmøte ved gamleskulen på Manger
Arr: Alver kommune
Opning av skulestien til Skageneset
Manger bygdelag har tilrettelagt den gamle skulestien til Skageneset som borna i Skageneset brukte når dei skulle på skulen. Bli med på opning av stien og guida tur frå gamleskulen på Manger til Skageneset.Me går i roleg tempo frå gamleskulen på Manger, ned Urlekleiva og følgjer gamlevegen vidare utover mot Skageneset. Etter ei stund kjem me til skulestien, som er ein kortare veg til Skageneset.
Det vert offisiell opning av stien ved ordførar Sara Hamre Sekkingstad. Odd Matre, som både er lokalkjent og hadde samtalar med Ingeborg Skagenes om denne stien, guidar oss utover mot Skageneset. I Skageneset vert det enkel matservering. NB: Drikke må de ta med sjølv.
Våningshuset i Skageneset er ope for dei som ynskjer å koma inn og sjå.
Arr: Fagstab kultur i Alver kommune og Manger bygdelag.