Torsdag 4 Juni
kl. 11:00 - 11:45
Lindås bu- og servicesenter, Storbruhaugen 36
Arr: Alver kommune

Den kulturelle spaserstokken: Fagert er landet

I konserten «Fagert er landet» får publikum høyra eit utval av kjende og kjære vår- og sommarmelodiar – både eldre og nyare songar.

Med: Guri Dypvik, song/autoharpe/gitar & Edvard Mjanger, kontrabass

Programmet rommar viser, salmar og dansbare melodiar, saman med utvalde musikalske perler frå vår eiga tid. Musikken er vald med utgangspunkt i ønskje og preferansar frå publikum på eldreinstitusjonar, og har som mål å vekkje minner frå ulike tider i livet. Her er det rom for både varme, sårbarheit, humor og livsglede.

Konsertane er ein del av Den kulturelle spaserstokken, ei nasjonal satsing som skal bidra til kunst- og kulturformidling av høg kvalitet for eldre på arenaer dei held til i dagleglivet. 

Støtta av Vestland fylkeskommune.

Tor 04.06.2026
11:00 - 11:45
Konsert / Teater / Festival
Senior
Lindås bu- og servicesenter, Storbruhaugen 36
Lindås
Alver kommune
Del på
2026 © Foreningsportal