FORENINGSPORTAL Foreninger i Alver

Alver Kulturråd

Alver Kulturråd er ein paraply for dei kulturrelaterte organisasjonane i Alver kommune

Alver kulturråd er og ein høyringsinstans for administrasjonen, ein medspelar for politikarane og eit talerøyr for kulturrelaterte lag og organisasjonar. Det er ein styrke at dei kulturrelaterte lag og organisasjonar kan samlast under ein paraply slik idrettslaga har sitt idrettsråd. 

Vi håper at ditt lag kan sjå nytta av å vere del av ein felles kulturstemme når planar skal leggjast, pengar skal fordelast og bygg skal reisast. Kommuneadministrasjonen og politikarane treng å samspele for at gode tenester skal samskapast med frivillige lag og organisasjonar.

Laget ditt kan kanskje søkje medlemsskap i Alver kulturråd. Her er utdrag av vedtektane som seier litt om kriteria for medlemsskap:

§ 1 Føremål  - Alver Kulturråd skal arbeida for best moglege tilhøve for kulturen i Alver kommune. Kulturrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom frivillige lag og organisasjonar innan kulturfeltet, som ikkje høyrer inn under NIF (Norges idrettsforbund). Lag som i hovudsak er registrert i frivilligregisteret, kan verte medlemer.

Her kan laget ditt søkje medlemsskap i Alver kulturråd. Det er styret i kulturrådet som handsamar søknadar om medlemsskap.



Fritidsaktiviteter

Politikk
Interesseforening

Kontaktinformasjon

950 82 867 / 

alverkulturrad@gmail.com

www.alverkulturrad.no/

Ivar Hopland

Besøksadresse

Postadresse
Risåsen 9
5912 Seim

Andre opplysninger

Org.nummer
924 895 489

Stiftet dato
27.11.2019

Ant. medlemmer
55

Kategori
Interesse og formidling

Område
Alver

Målgrupper
Senior
Ungdom
Voksen

Stikkord
Politikk, samfunn, kultur, samarbeid,

Sist oppdatert
04.01.2024

Rediger med kode

Nyttige lenker

Kontakt

Juvikstølen 25
5914 Isdalstø

Sosiale media

2024 © Foreningsportal